torsdag 11. oktober 2007

Modellfly

Me gav gutungen eit mikrofly til bursdagen, eit knøtlite fly som nesten kan flygast inne i stova. X-twin heiter det. Det fekk meg til å tenke på kor mykje eg ynskte eit radiofly når eg var på hans alder, og no var det endeleg mogleg å realisera draumen. Etter litt leiting på nettet og tråling gjennom hobbybutikkane i Bergen falt valget på ein Wing Dragon Sportster.
Biletet “http://rchobbysyd.nu/catalog/images/105733.jpg” inneheld feil, og kan difor ikkje synast.
Ikkje så vakkert, men med balanseror og 4 kanalar radiostyring kompatibel med vanlege rc-komponentar håpa eg det ville vera vert ein tusing.
Den kom ready to fly, berre å sette på venger og lade batteri.

Jomfruturen var ei grusom oppleving, og dei to andre turane vart ikkje mykje betre. Jordet eg fyk frå vart ganske lite for ein uerfaren pilot, og sidan eg ikkje turde få nok høgde, så stupte dragen kontant i bakken i det eg mista kontroll over flyet. Men alt kan repareres, så eg var snart på vengene igjen.

Neste tur var frå ein fotballbane, plassen føltes noko romslegare, og med meir høgd gjekk det som ein draum. Frå og med den fjerde turen har eg ikkje hat nokon alvorlege krasj.

Med blanke ark...

Dette er ikkje den fyrste gongen eg prøver å starte ein "blogg". Kan hende det går betre denne gongen? Namnet er kanskje ikkje så lett å uttale, men det var i alle fall ledig!